Fleire i risikogruppene bør vaksinere seg mot influensa, meiner fungerande kommunelege Terje Kleiven i Vindafjord. Førebels er innslaget av virus moderat på legesenteret i Isvik, men han trur det snart blir ein epidemi med topp om tre-fire veker. Foto: Jon Edvardsen
Kommuneoverlege Terje Kleiven meiner vaksinestatus hos innlagde på sjukehus med covid-virus, viser at det er ein formidabel helsegevinst å vaksinere seg.

Seks koronasmitta den siste veka

Korona-alarmen har igjen gått i Vindafjord. Den siste veka har kommunen registrert seks smitta.

Publisert Sist oppdatert

Kommuneoverlege Terje Kleiven seier det er ingen grunn til å slappa av. Koronapandemien er langt frå over og folk må vera varsame og følgja smitteverntiltaka, er bodskapen hans.

— Status i dag, torsdag, er seks nye smitta i Vindafjord i løpet av den siste veka, og rundt 55 personar i karantene. Me jobbar aktiv med tre smittesporingssaker akkurat nå, så talet på folk i karantene kan bli oppjustert, seier Kleiven til Grannar.

I hovudsak dreier dei nye smittetilfella seg om polske arbeidarar busette i kommunen. Med unntak av éin, jobbar desse andre stader enn i Vindafjord. Éin av dei polske som har fått påvist covid-19, jobbar ved Westcon i Ølensvåg, men situasjonen knytt til denne arbeidaren er avklart og under kontroll. Fire av dei smitta er pendlarar, medan den siste er fast busett i Vindafjord.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS