Lars Olav Bergsvåg (H) og Kristin Golf (V) stilte seg positiv til Sveio kommune sin invitasjon om utgreiing om framtidig fylkestilhøyrsle.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Set fylkesgrense på vent
Ein invitasjon frå Sveio kommune om å greia ut om det er mest tenleg å tilhøyra Rogaland eller Vestland, fekk ikkje fleirtal i formannskapet i Etne.
Sveio kommune vil greia ut om Vestland eller Rogaland er det mest tenlege fylke å tilhøyra i framtida, og har sendt ut ein invitasjon til Etne kommune om å delta i prosessen. Sveio ynskjer gjennom utgreiinga å få eit fagleg og sakleg grunnlag for eit eventuelt vidare arbeid med tanke på overgang til Rogaland, og førebur ein søknad til Kommunal-og moderniseringsdepartementet om økonomisk støtte til prosjektet. I invitasjonen til Etne kommune blir det peika på ein del fellestrekk mellom dei to kommunane, mellom anna samarbeid på Haugalandet, søknad til vidaregåande skular og pendling av arbeidstakarar til kommunar i Nord-Rogaland.
Saka vart lagt fram under formannskapsmøtet i Etne kommune utan tilråding frå kommunedirektøren, men med tilråding frå Kari Aakra (Sp) som ville setja saka på vent og Lars Olav Bergsvåg (H) som takka ja til invitasjonen.
Positiv