Slaktegris nummer to million
Siste reis for grisen til Bjarne Rønnevik og Anette Haugland i Imsland er gjort.Det blei markert med ekte grisekake» for alle tilsette ved Nortura-anlegget i Sandeid sidan dette var slaktegris nummer to million.
Gjennom 46 år har har trufaste arbeidarar slakta kvalitetskjøt frå mellom anna gris ved Nortura Sandeid. I 2001 passerte bedrifta éin million slakta griseskrottar. 19 år seinare var talet dobla.
Rundt klokka 15 onsdag blei dagens 57. gris som vart slakta ved slakteriet, gris nummer 2 million igjennom slaktelinja. Imsland-grisen fekk ei verdig markering i kantina med alle tilsette til stades for ein smakebit av kaka som var kreert ved Nesheimstunet i Vats. Kaka var forma som ei purke med grisungar, og med lys på toppen.
Ved slakteriet i Sandeid starta dei med slakt av den første grisen 18.august i 1974, fortel fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg. Sidan den gongen har det skjedd mykje med effektiviseringa.