Terje Kleiven er kommuneoverlege i Vindafjord.Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Kommuneoverlege Terje i Vindafjord kommune håpar alle som får beskjed vil la seg vaksinere.

To nye smitta i Vindafjord

Talet på covid-19-smitta i Vindafjord går stadig oppover. Nå har to nye fått påvist viruset.

Publisert Sist oppdatert

— Dette er ei sterk påminning om at pandemien framleis er her og at folk må følgja alle smittevernreglar, seier kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord til Grannar.

Tysdag kveld kom prøvane som viste to ny smitta. Dette er utanlandske arbeidarar som er busette i brakkerigg i Ølensvåg og som jobbar for eit firma i Haugesund. Ifølgje Kleiven var dei del av eit reisefølgje på ni personar som kom via flyplassen på Helganes sundag kveld.

— Dei sju andre i gruppa testa negativt, men vil bli testa ein gong til før dei kan gå i jobb. Alle er sett i karantene. Det er alltid ein risiko for intern smitte ved slike tilfelle, men eg tur ikkje faren er stor slik dette er handtert, seier Kleiven.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS