Sparar på kronene – berre to fekk koronastøtte i Vindafjord
Vindafjord deler ut koronastøtte til to bedrifter, og brukar svært lite av tildelt beløp i den første runden. I Etne kan det bli klarsignal til fem søknader som samla får 70 prosent av potten.
Formannskapet i Vindafjord har vedtatt den første tildelinga, medan kommunedirektøren i Etne si innstilling blir behandla i formannskapet i dag.
I Vindafjord var det berre to søknader som kom gjennom det første nålauget:
- Christiansen AS 34.950 kroner. Lage nettside for bakeriet for å bli meir tilgjengeleg og skape meir handel, blant anna frå gjennomgangstrafikk.
- Ølen senter AS 75.000 kroner. Lage utleigeprospekt i samarbeid med Omega Design. Skal stimulere til nyetableringar på senteret.
-

Ølen senter er éin av to som fekk støtte i Vindafjord i første runde, og 75.000 kroner skal gå til å få fleire til å etablere seg i handel og service. Arkivfoto