Den gamle kyrkja i Sandeid, 1814-1904.Foto: Christian Christensen Thomhav.Fotoeigar: Riksantikvaren
Den gamle kyrkja i Sandeid, 1814-1904.
bygdebok 2
bygdebok 1
Hesjebilete blir det ofte ein del av. Dette skil seg noko ut frå dei vanlege bileta frå 1960-talet. Harald Stuhaug hesjar på Sønnanå i 1960.Foto: Torleiv TveitFotoeigar: Harald-Olav Stuhaug
Hesjebilete blir det ofte ein del av. Dette skil seg noko ut frå dei vanlege bileta frå 1960-talet. Harald Stuhaug hesjar på Sønnanå i 1960.
Før scooter og ATV-tida måtte provianten til Olalihytta fraktast med hest. Her er Martin Hauge på veg innover med både hest og hund. Fotoeigar: Haugesund Turistforening.
Før scooter og ATV-tida måtte provianten til Olalihytta fraktast med hest. Her er Martin Hauge på veg innover med både hest og hund. Fotoeigar: Haugesund Turistforening.
Biletet viser Østbøelva ein gong mellom 1898 og 1905. Ein kan sjå at den eine brupilaren har mista støtte i underlaget og blitt skeiv. Fotograf: Jens Laurits Arup BassøeFotoeigar: Statsarkivet i Stavanger

Sandeidsjøen 1879 – dette er det eldste biletet ein kjenner til av tettstaden inst i Sandeidfjorden. Fotografen, som er ukjend, har stått på Håland-sida. Huset til Not-Ivar ligg heilt nede ved sjøen til venstre i biletet. Første huset til høgre etter brua er los Helland sitt, på venstre sida huset som lærar Børretzen overtok då han kom til Sandeid. Den gamle kyrkja frå 1814 i bakgrunnen. Brua over elva vart øydelagd av flaum i 1943. Fotoeigar: Vindafjord kommune

Bygdehistorie mellom fire permar

Om ikkje lenge får innbyggjarane i Sandeid si eiga bygdebok. Gjennom rundt 1.800 sider kan ein bli kjende med bygda si historie, gardsbruk, folk og levemåte. Alle sju sandeidsbygder er gått etter i saumane.

Publisert Sist oppdatert

Etter at både Vikebygd og Vikedal i løpet av dei to siste åra har fått sine bygdebøker, er det endeleg Sandeid sin tur. Om knappe tre veker går dei to binda på rundt 900 sider kvar i trykken, og redaktør Nils Olav Østrem lovar ferdigtrykte bygdebøker til folk i februar 2021.

— Det blei ei lita forseinking på desse bøkene, for i utgangspunktet skulle dei kome i desember 2020. Om ikkje koronapandemien tvingar Europa heilt i kne, får me trykt bøkene, og levert dei ut i februar, seier han.

Viktig informasjon

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS