Elevar i andre klasse ved Enge skuleog deira nærkontaktar er sett i karantene etter at det er påvist koronasmitte hos ein elev.Arkivfoto
Elev i 2. klasse på Enge skule smitta
Ein skuleelev i 2. klasse ved Enge skule i Etne har fått påvist koronasmitte. Alle medelevar og deira nærkontaktar er sett i karantene.
MERK: Artikkelen er oppdatert laurdag kveld. Grannar skrev først i denne artikkelen at alle føresette til elevane i 2. klasse ved Enge skule også er sett i karantene. Det er ikkje tilfelle. Det er berre medelevane og tilsette i klassen som er i karantene som nærkontaktar.
Fredag ettermiddag kom det inn prøvesvar om smitte hos ein 2. klassing på Enge skule. Dermed blei alle elevar og tilsette i 2. klasse på Enge skule varsla om karantene som nærkontaktar i 10 dagar frå 16.11.20.
Dette melder Etne kommune laurdag føremiddag.