FHI er sterk uroa for koronasituasjonen framover.
Foto: Jil Yngland / NTB
FHI: Framleis frykt for at koronapandemien kjem ut av kontroll
NPK: Dei neste seks månadene er det framleis fare for at koronaepidemien kan komme ut av kontroll, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).
Smittespreiinga i Noreg er stabilt høg, men med store lokale variasjonar, heiter det i den siste risikorapporten frå FHI. Samtidig ser den sterke auken i talet på melde tilfelle og sjukehusinnleggingar ut til å minke.
— Dette kan vere ein byrjande effekt av dei nye tiltaka frå slutten av oktober og byrjinga av november, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.
Situasjonen er likevel ustabil med fare for ny auke, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Men det er lite sannsynleg at vi får ei nasjonal bølgje av akselererande spreiing, ifølgje rapporten.
— Vi reknar med at kommunane klarer å unngå situasjonar med akselererande spreiing som truar kapasiteten i helsetenesta, seier Stoltenberg.
Men enkelte kommunar, særleg i Oslo-området, vil mest sannsynleg ha eit vedvarande høgare nivå gjennom vinteren, trur FHI.
Samtidig må kommunane elles i landet oppdage og raskt få kontroll på det som kjem av utbrot.