Karin Andersen, Kommunal- og forvaltningskomiteen Foto: Anne Sigrid Hundere
Karin Andersen, Kommunal- og forvaltningskomiteen

Føreslår automatisk oppstartsstøtte til bedrifter på bygda

SV meiner Noreg ikkje utnyttar moglegheitene EØS-avtalen gir for støtte til små og mellomstore bedrifter i distrikta.

Publisert Sist oppdatert
– Vi treng at folk tør å satse på nye bedrifter i distrikta. No under koronakrisa trur eg mange kvir seg ekstra for å starte opp noko nytt, og staten bør bidra meir, seier leiaren av kommunalkomiteen, SVs Karin Andersen, til NTB.

SV meiner dei har funne ei så langt ubrukt moglegheit innanfor EØS-avtalen til å kunne gi meir støtte til bedrifter på bygda.

Andersen seier avtalen gir moglegheit til å gi direkte og automatiske investerings- og oppstartstilskot, og dessutan tilskot til marknadsføringstiltak, til distriktsbedrifter på mellom 15 og 40 prosent, avhengig av kvar i landet bedrifta ligg.

– I alle krisepakkar som er gitt, står det med atterhald om godkjenning frå Esa». Dette kan ta lang tid. Derfor er det viktig å bruke ordningar som allereie er godkjende av Esa, seier Andersen.

Hjelp til reiseliv i omstilling

Ho meiner ei automatisk støtte blir meir føreseieleg og vil hjelpe fleire bedrifter.

– Men det er ikkje slik at vi vil kaste pengar etter kva som helst. Ein må sjølv leggje ein eigendel på bordet, og må du låne pengar, må òg banken gjere ei vurdering av om prosjektet er liv laga. Men vi meiner fleire vil tore å starte ved å få ein risikoavlastning frå staten, seier Andersen.

Ho meiner støtta særleg kan vere aktuelt for reiselivsnæringa i distrikta som no er tvinga inn i ei kraftig omstilling. Andersen trur bransjen framover truleg må innstille seg på meir småskalaverksemd og ein litt annan type turisme retta mot eiga befolkning.

– Då treng dei støtte til å utvikle det. Ingen av krisepakkane har så langt heller hatt ein direkte distriktsprofil eller vore spesielt retta mot små og mellomstore bedrifter, seier ho.

5–6 milliardar kroner

SV meiner òg at forslaget bør givast tilbakeverkande kraft slik at alle relativt nyetablerte bedrifter blir behandla likt.

Ifølgje anslag partiet har henta inn, vil ei slik støtte ved fem års tilbakeverkande kraft koste 5–6 milliardar kroner.

SVs forslag kjem i samband med at kommunalkomiteen torsdag skal gi innstillinga si til distriktsmeldinga til regjeringa, som kom i fjor haust.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS