Handel på nettsider kjøparen ikkje anar kven som står bak, er årsaka til at mange blir svindla på nettet.Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Handel på nettsider kjøparen ikkje anar kven som står bak, er årsaka til at mange blir svindla på nettet.

Høgtid for nettsvindel

NPK: Deling av sensitiv informasjon på nettsider ein ikkje veit så mykje om, er ei av årsakene til at nordmenn framleis blir fråstolne pengar på internett gjennom nettsvindel, eller forsøk på tjuveri – kjent som phishing.

Det går fram av ei gransking YouGove har gjennomført saman med Buypass.

— Nesten ein femtedel av nordmenn har lagt igjen personnummer, kontonummer og annan personleg informasjon på ei nettside dei ikkje veit kven som eig. Slik får kriminelle tilgang på alt dei trenger for å ta pengane til godtruande menneske som ikkje veit kven dei kan stole på. Vi meiner derfor det burde bli enklare å sjå identiteten til aktørar på nett, seier Janne Syversen, kommunikasjonsdirektør i Buypass, i ei pressemelding.

Undersøkinga blei gjennomført av 1.000 personar frå heile Noreg tidlegare denne månaden og viser:

* 70 prosent har vore utsett for phishing.

* 39 prosent seier dei ikkje alltid føler seg sikre når dei handlar på nett.

* 18 prosent har lagt igjen sensitiv informasjon som personnummer og kontonummer på ei nettside utan å vite kven som eig ho.

Folk mellom 18 og 19 år er dei som oftast legg att personsensitiv informasjon på nett. Her svarer 18 prosent ja, nesten dobbelt så høgt som gjennomsnittet. Til samanlikning delar berre to prosent av dei over 60 år slik informasjon på nettet.

— Europa taper heile 256 tusen milliardar kroner på nettsvindel i året og Noreg er eit av dei verste landa ifølgje EU. Mange trur dei eldre er mest utsette. Men sanninga er at dette fordeler seg ganske jamt, uavhengig av personlege forbruksvanar. Faktisk er det ein liten overvekt av unge vaksne som er meir utsett. Det skuldast mest sannsynlig at desse handlar litt oftaere på nett enn andre, seier Janne Syversen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS