Hoppar uti uansett vêr og vind

Først sette 11 år gamle Noah Ekelund Gundersen seg som mål å bada kvar dag i heile sommar, men så bestemte han seg for å fortsetja heilt til neste sommar. Det betyr ein kald avriving kvar einaste dag for den unge tøffingen.

Publisert Sist oppdatert

På parkeringsplassen ved Sjøperlo i Ølen er Noah Ekelund Gundersen frå Ølen i ferd med å gjera seg klar til dagens faste badeøkt. Han er så vidt ferdig med skuledagen og har bestemt å ta seg ein dukkert før kvelden fell på. Bilen til mor passar fint som omkledningsrom, og så snart badebuksa er på plass set den friske 11-åringen kursen mot den vesle strandflekken i aktivitetsparken.

Temperaturmålaren viser knappe 7 grader på land og i sjøen er det omlag like få grader. Men det er ikkje noko hinder for å kasta seg ut i sjøen.

— Det er litt kaldt og eg kjenner at det byrjar å bli litt kaldare nå, men det går heilt fint, seier Noah idet han vassar ut i vatnet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS