Hotelleigar Inger Karin Larsen i Skånevik er i målgruppa for dei som kan søka om statleg koronastøtte via tildelte midlar til Etne kommune.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Koronastengt hotel
Etter smitteutbrot av covid-19 i Etne kommune sist veke har hoteleigar Inger Karin Larsen valt å stengja Skånevik Fjordhotel.
— Heile staben er sett i karantene til ein finn ut av smitten, seier Larsen.
For to veker sidan hadde hotellet eit kor frå Husnes innom på seminar der eitt av kormedlemmene testa positivt på korona.