Ungdomsskuleelevane Siri Steinsland, Erlend Tveit og Teodor Vestbø Reimers frå Bjoa brukar alltid munnbind på skulebussen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Lyttar til lokale råd om munnbind
Stadig fleire skuleelevar gjer som 13 år gamle Siri Steinsland og 16 år gamle Marita Krakk Eikje. Dei finn fram munnbindet før dei går inn på skulebussen.
Klokka er passert to om ettermiddagen og elevar frå ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i Ølen er på veg ned til busshaldeplassen i sentrum for å ta bussen heim. Mange av elevane har funne fram munnbindet frå skuleveska og sikra seg sjølv og andre mot mogeleg smitte under bussturen. Sjølv om ikkje alle er like ivrige brukarar av ansiktskledet, vel stadig fleire å nytta munnbind i kampen mot koronaviruset.
— Me brukar alltid munnbind på bussen. Det gjer dei fleste på skulen, seier dei tre 13 år gamle ungdomsskuleelevane Siri Steinsland, Erlend Tveit og Theodor Vestbø Reimers og gjer seg klar til å ta bussen heim til Bjoa.
— Me brukar munnbind fordi det er anbefalt, seier dei.