Etne er blant kommunane som krev skatt av dei som har eigedom i kommunen.
ARKIVFOTO: ESPEN MILLS
Meir rusførebygging – mindre eigedomsskatt
Nokre kroner mindre i eigedomsskatt og auka stillingsprosent for SLT-koordinatoren. Det er dei største av totalt sett små endringar som fleirtalet i Etne-politikken vil gjere i kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett.
I vel to veker har lokalpolitikarane knadd på forslaget til budsjett for 2021 og økonomiplan for perioden 2021-2023, som kommunedirektør Bjørn Tollefsen la fram 3. november. Eit framlegg som Grannar tidlegare har skreve om, legg hovudvekt på tiltak for å gjere kommunen meir attraktiv for busetting av unge i etableringsfasen, mellom anna ved å prioritere nye næringstomter på Fikse og opprusting av naudsynt infrastruktur, som til dømes ved å sikre framtidig vassforsyning i Etnesjøen.
Og det er liten tvil om at kommunedirektøren og politikarane har spelt på lag i budsjettførebuingane, for det er berre få endringar posisjonen, som består av Sp, Frp, KrF, H og V, kravde i sitt fellesforslag som vart lagt fram i formannskapet tysdag.
Meir SLT