Stille fredag på vinmonopolet i Ølen senter der butikksjef Gerd Iren Kvamen har god tid til å rydde i hyllene. Det er ikkje avgjort om arbeidsplassen framleis er på Ølen senter om nokre år sidan Vinmonopolet vil ha andre tilbod i Ølen på bordet. Foto: Jon Edvardsen
Vinmonopolet har bestemt seg å flytte frå Ølen Senter der dei har leigekontrakt til sommaren 2025.

Polet kan vere på flyttefot

Vinmonopolet er på jakt etter nye lokale i Ølen sentrum. Spørsmålet er om det er tilfeldig at polet vil kartleggje andre alternativ i Ølens sentrum når eit nytt senter er på veg i Eiodalen kloss ved E134.

Publisert Sist oppdatert

Regionsjef i Vinmonopolet på Vestlandet, Joralv Sætran, seier det ikkje er nokon dramatikk i at dei går ut med ei offentleg kunngjering om at dei ønskjer å kartleggje alternative lokale i Ølen sentrum.

— Det er standard prosedyre at vi sjekkar andre alternativ når den eksisterande kontrakten har gått ei stund, seier han.

Han viser til distriktssjef Ulf Berg for meir konkrete detaljar omkring Vinmonopolet si interesse for nye lokale i Vindafjord. Å linke dette direkte til at det er eit nytt senter på veg i Ølen plassert ved E134, er ingen av dei interessert i.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS