Historikar Jan Magne Arntsen (t.v.) og sosiolog Thor Geir Harestad er i gang med ein biografi om den einaste statsministeren frå Rogaland, Jens Hundseid.
Skal kaste lys over statsministeren frå Vikedal
Jens Hundseid frå Vikedal er den einaste statsministeren frå Rogaland. Han har ingen statue etter seg fordi han melde seg inn i dårleg selskap i Nasjonal Samling i 1940. No er ein biografi under arbeid som legg vekt på andre sider av virket til ein samansett person.
Kastevinden frå Ryfylke, er ein merkelapp som er plassert på politikaren i Bondepartiet. Både fordi han var temperamentsfull og kunne slå både mot venstre og høgre alt etter som, med ein god porsjon harme.
Bondesonen frå Fjellgardsvatnet var statsminister og landbruksminister i åra 1932-1933, og parlamentarisk leiar for Bondepartiet gjennom nesten heile det turbulente 1930-talet.
Karrieren blir derimot avslutta med eit stort fall der han blir dømt til ti års fengsel fordi han melde seg inn i Quisling sitt parti, Nasjonal Samling, og hadde samstundes ei sentral rolle som fylkesmann i Buskerud gjennom krigsåra.