Bjarte Grindheim frå Etne blei tildelt mastergradstipend for framifrå prestasjonar under mastergradstudiet.
Foto: Privat
Fekk mastergradstipend i tekniske geofag
Han hadde høgaste karaktersnitt på sitt kull på mastergradstudiet ved NTNU i Trondheim. Det gav Bjarte Grindheim (25) frå Etne klingande mynt på kontoen.
For fem år sidan starta Bjarte Grindheim på mastergradstudiet i tekniske geofag ved Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet i Trondheim (NTNU). I vår var studietida over og den unge etnebuen kunne kalla seg sivilingeniør i sitt fagfelt. Gjennom heile studietida utmerka han seg med gode prestasjonar og nyleg kunne han motta leite-og produksjonsselskapet Vår Energi sitt mastergradsstipend som blir gitt til studentar for framifrå prestasjonar gjennom mastergrasstudiet.
Stipendiet er på 75.000 kroner og blir delt ut til studentar ved institutt for geovitenskap og petroleum. Stipendet blei i år delt ut til to studentar, Bjarte Grindheim for tekniske geofag og Vetle Mathisen for petroleumsfag. Dei to hadde best karaktersnitt gjennom sitt femårige studium og blei tildelt kvart sitt stipend via ein Teams-seremoni sist måndag.
— Det var stilig det å få stipendet, seier Bjarte Grindheim og meiner sjølv at han ikkje har lagt ned spesielt mykje arbeid for å oppnå dei gode resultata.