Statsminister Erna Solberg håpar på vaksinering mot covid-19 tidleg i 2021. Foto: Vidar Ruud / NTB
Statsminister Erna Solberg håpar på vaksinering mot covid-19 tidleg i 2021.

Trur på vaksine tidleg neste år

NPK: Dei lovande vaksinenyheitene gjer at regjeringa håpar å starte vaksinasjon mot covid-19 i Noreg i starten av neste år. Det seier statsminister Erna Solberg (H).

På pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen onsdag kom statsminister Solberg med oppløftande vaksinenyheiter.

— Det er håp om at legemiddelstyresmaktene i EU kan godkjenne ein eller fleire vaksinar i løpet av året. Det betyr at vi forhåpentleg kan starte vaksinasjonen av prioriterte grupper allereie tidleg i 2021, sa Solberg.

EU har så langt inngått avtale med fem ulike vaksineprodusentar, og Noreg er omfatta av desse avtalane.

— I oktober vedtok regjeringa at vaksinasjon mot covid-19 skal tilbydast gjennom det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og at det skal vere gratis å vaksinere seg, sa statsministeren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS