Eit av BKØ sine Blinkhus, som nå vil inngå i Berge Sag sin portefølje.Pressefoto
Berge Sag til plankebyen
Berge Sag-gruppa har kjøpt aksjemajoriteten i Blinkhus-forhandleren Byggkompaniet Østfold AS i Fredrikstad. Det er det andre kjøpet på tampen av året.
Det er ikkje mange vekene sidan det blei kjent at Berge Sag har kjøpt Eikås Hytter & Hus i Agder. Konsernsjef i Berge Sag, Rolf L. Sjursen, fortalte i etterkant av handelen at dette var ein del av byggkonsernet si satsing om å nå breiare ut i den norske hyttemarknaden
Nå står ein breiare og offensiv satsing i bustadmarknaden for tur. Med kjøp av 66 prosent av aksjane i Byggkompaniet Østfold AS (BKØ), siktar bedrifta i Ølensvåg seg inn på ein høgst interessant region, ifølgje konsernsjefen i ei pressemelding onsdag.
— Det er mykje spennande som skjer mellom Oslo og Sverige når det gjeld bygging og bustadmarknad. Like ved Fredrikstad har me Halden, Sarpsborg, Råde og Moss, som saman med Fredrikstad utgjer ein region med over 225.000 menneske, seier Sjursen.