Julemarknad og julestemning i miniatyr
Når verda utanføre står i ei spesiell tid må det vera lov å ta noko av det vakre inn i vår eiga verd. Bli med inn i Karin Gram-Nygaard (64) si miniatyrverd.
Om mulig er dette ei draumeverd å vandre inn i, der ein gløymer tid og stad. Ein livsdraum der kreativitet, skapartrong, detaljar og kvalitet får blodet til å bruse medan kreative evne skaper det draumen ber på.
Det er tidleg desember og turen har gått til det julepynta huset til Karin Gram-Nygaard, eller Kiin som ho vert kalla, i Sæbøvik på Halsnøy. Ho er så vidt begynt på pensjonist-tilværet etter eit langt vaksenliv med mann og barn på bakeriet i Ølensvåg. Kven hugsa ikkje dei gode brøda og kakene som kom derifrå? Minna om dei gode skulebollane som nærast smelta i munnen, strøymer på. Ekte handverk, som no er historie i Vågen.
Innimellom kakepynting på bakeriet med mann, barn, hus og heim i Ølensvåg, har det også blitt tid til den lidenskaplege hobbyen hennar som omhandlar miniatyrverda og porselensdokker, inkludert litt kursing for å lære andre i den interessante hobbyen. Messer og utstillingar innanlands og utanlands, der kanskje danskane har mykje å lære interesserte nordmenn innan miniatyrkunsten, samt Sverige og Tyskland, kan også nemnast i denne samanheng.