Ny app skal spora smitten. (
Foto: Martin Sylvest/Ritzau Scanpix 2020)
Måndag blir ny smitteapp lansert
Appen som blir lansert vil ha det same namnet som appen som blei lansert tidlegare i år. Namnet på dei begge er Smittestopp, og i følgje FHI er også dette einaste fellesnemnar. Måndag vil regjeringa halda ei pressekonferanse, og appen blir tilgjengeleg i forhand av denne.
Mens første versjon av Smittestopp som nytta seg av GPS-data, vil ikkje denne appen gjera det. Appen vil heller ikkje lasta opp personopplysningar til ein sentral server og den vil utelukkande bli brukt til smittesporing. Ikkje til analyse eller forsking.
Viktig med så mange som mogleg