Direktør for Virke daglegvarer, Ingvill Størksen ser for seg rekordhandel i mat og drikke i årets desember.Pressefoto
Direktør for Virke daglegvarer, Ingvill Størksen ser for seg rekordhandel i mat og drikke i årets desember.Pressefoto

Virke: Mat og drikke for 27,7 milliardar i desember

Rogalendingane vil i snitt bruka 4.930 kroner på mat og drikke i desember. Folk i Vestland fylke spanderer endå meir; 5.300 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Det er Virke som i sin julehandelsprognose har kome fram til desse tala. Den viser at nordmenn vil bruka 27,7 milliardar kroner på mat og drikke i desember i år. Dette er ein oppgang på rundt 3,1 milliardar frå i fjor.

Hovudårsaka til rekordveksten er dei stengte landegrensene på grunn av koronasituasjonen, meiner Virke.

— Me vil sjå stor julehandel av mat og drikke i vest. Daglegvarebransjen sin evne til å levera gjer at pandemien ikkje legg nokon dempar på kva mat og drikke me vil kosa oss med i norske heimar i jula, seier Ingvill Størksen, direktør for Virke daglegvare, i ei pressemelding.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS