Etne IL er blant mottakarane av momskompensasjon. Her laget si turngruppe.ARKIVFOTO
Millionar til frivillige lag
Utbetalinga til dei frivillige organisasjonane skjer allereie no i desember, og for Etne sin del vil 21 lag få tildelt rundt 660.000 kroner av momskompensasjonen. Vindafjord får 1,17 millionar kroner som skal fordelast på 43 frivillige organisasjonar i kommunen.
— Desse frie midlane betyr nok ekstra mykje i år. Organisasjonane kan bruka dei til å oppretthalda aktiviteten, i nærmiljøa og det er viktig, seier Kjartan Aleksander Lunde, som er leiar i Rogaland Venstre.
Etne IL er laget i Etne kommune som har fått tildelt mest, med sine 253.684 tildelte kroner. Leiar i idrettslaget, Erling Bjarte Rullestad, er glad for ordninga som gir pengar tilbake.