Norske juletre i vinden som aldri før
Salet av ekte juletre aukar kraftig i år og aller helst vil folk ha norskproduserte tre. På Svandal Juletregard i Imsland har juletrebonde Gudrun Margrete Dyrseth snart tomme lager.
I fjor blei det selt 1,4 millionar juletre her til lands. I år ser salet ut til å auka med over 200.000 tre. Koronasituasjonen fører til at fleire må halda seg heime i jula og då kan det vera kjekt å pynta litt ekstra både heime i stova og på hytta. På Svandal Juletregard i Imsland har rundt 7000 juletre funne ny eigar så langt i år, og om nokre år vil enda fleire tre ha vakse seg store nok for sal.
— Me har noko auka sal i år, men me har færre juletre klare og er nede i ein dump i produksjonen. Me høgg ut felt og plantar i etter eitt par år, seier juletrebonde Gudrun Margrete Dyrseth og håpar å ha fleire hogstmodne juletre om nokre år.
Svandal Juletregard er ein av fire aktørar i Imsland som syt for friske juletre til alle som ynskjer eit alternativ til plasttreet. Til saman rundt 10 produsentar driv med juletre i Vindafjord kommune, der Svandal Juletregard er den største. Vindafjord kommunen ligg på fjerdeplass av juletreprodusentar i Rogaland, og i følgje juletreprodusentane sin organisasjon Norsk Juletre, ligg Rogaland heilt i toppen på landsbasis når det gjeld juletreproduksjon.