Senterpartiet får ei oppslutning på 22,1 prosent, ein oppgang på 2,3 prosentpoeng frå november. Partiet jafsar i seg veljarar frå Frp, Høgre og Ap, skriv TV 2.
Frp tilbake 2,7 prosent
Frp og Høgre går tilbake med høvesvis 2,7 og 1,9 prosentpoeng. Høgre får ei oppslutning på 20,2 prosent, medan Frp blir målte til 8,8 prosent.
Arbeidarpartiet går tilbake med 0,1 prosentpoeng frå den førre målinga og får ei oppslutning på 20,4 prosent.
I februar var Framstegspartiet oppe på 15,7 prosent og Vedum på 15 prosent. No er avstanden mellom dei to gigantisk i Vedums favør.
Alle partia
Oppslutninga for partia i desember 2020 på Kantar-målinga for TV 2 (endring frå november i parentes):
Ap 20,4 prosent (-0,1), Frp 8,8 prosent (-2,7), Høgre 20,2 (-1,9), KrF 3,3 (+0,5), Sp 22,1 (+2,3), SV 8,1 (+0,3), Venstre 4,0 (-0,1), Raudt 6,4 (+1,5), MDG 4,0 (0,0) og Andre 2,8 (+0,3).
MDG får ei oppslutning på 3,96 prosent på målinga og Venstre 3,98, men oppslutninga blir opp runda av til 4 prosent. Dermed får partia ikkje utjamningsmandat på målinga.
Større ein Ap i VG-måling
Også i VG -målinga for desember er Sp større enn Arbeidarpartiet for første gong, men Høgre er framleis størst på denne målinga.
Senterpartiet får 20,5 prosents oppslutning, medan Arbeidarpartiet får 20,3 prosent i målinga, som Respons Analyse har gjort for avisa.
Høgre endar på 22,9 prosent.