SpareBank1 ber alle bankkundar om å vera på vakt mot raffinerte svindelforsøk som er gjort den siste tida.
Illustrasjonsfoto: iStoc
Åtvarar mot utspekulert banksvindel
SpareBank 1 åtvarer mot utspekulert svindel ved bruk av sms-ar.
Nettsvindelen er større enn nokon gong, og det er grunn for alle til å vera på vakt. Dei siste dagane har SpareBank 1 har mottatt ei rekke meldingar frå personar som har fått falske tekstmeldingar på mobiltelefonen frå svindlarar som utgir seg for å vera frå banken. Svindlarane forsøker å fiska til seg sensitiv informasjon. Fleire har også mottatt svindelforsøk på e-post.
Banken åtvarar nå om svindlarane og ber i ei pressemelding alle om å vera på vakt. Der skriv bankkonsernet om ulike typar svindelforsøk, både på sms og e-post.
— Felles for dei ulike svindelforsøka er at dei prøver å få kundar til å oppgi personleg informasjon som BankID-kodar, passord, kortinformasjon og annan sensitiv informasjon, heiter det i pressemeldinga.