Dataekspert Tjerand Silde frå Etne har jobba med den nye smittestopp-appen til Folkehelseinstituttet
Tjerand Aga Silde

Etnebu forbetra smittesporingsapp

Han er ekspert på kryptografi og datasikkerheit. Nå har Tjerand Silde (28) frå Etne sytt for tryggleik og anonymitet til alle som ynskjer å bruka den nye smittestopp-appen til Folkehelseinstituttet.

Publisert Sist oppdatert

Smittestopp-appen frå Folkehelseinstituttet skal bidra til å hindra spreiing av covid-19 viruset og nyleg blei ein ny og forbetra versjon av smittesporingsappen lagt ut for nedlasting. Den første versjonen, som samla koordinatorane til brukaren og lagra nærkontaktane til alle som hadde lasta ned appen, er nå endra slik at all informasjon berre er tilgjengeleg på din private telefon i staden for sentralt. Det sikrar tryggleiken for brukarane og hindrar at personleg informasjon kan bli spreidd. I den nye versjonen har etnebuen Tjerand Silde og ei gruppe dataekspertar bidratt til ei tryggare og betre utgåve av smittesporingsappen.

— Eg har jobba med den delen som gjer at ein er anonym i heile prosessen. Sjølv om appen blir hacka er det ingen personleg informasjon som blir tilgjengeleg, seier Tjerand Silde.

Ekspertgruppe

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS