Øystein Tollaksen (t.v) og Erik Kaldheim vidarefører verkstadane etter sine fedrar, og nå er dei klare for å veksa seg større under felles selskap, Auto+.Pressefoto
Kaldheims Auto fusjonerer
Sandeidselskapet Kaldheims Auto har fusjonert med Tollaksen Autoverksted AS. Saman blir dei Haugalandets største uavhengige bilverkstad.
Samanslåinga av dei to bilverkstadane i Vindafjord og Haugesund har vore ein positiv prosess mellom to likeverdige partar som har sett på muligheita til å få til meir saman. Nå er fusjonen eit faktum og det offisielle namnet er AutoPluss AS. Dei blir likeverdige partnarar på eigarsida.
— Ved å bli ein større aktør vil me kunna gjera større investeringar, og sikra brei kompetanse hos våre tilsette. Samanslåinga vil styrka oss for framtida og bidra til sikra arbeidsplassar, seier dagleg leiar i Auto+, Øystein Tollaksen, i ei pressemelding.
Har kjøpt ut fedrane