Landbruksmaskiner er ei stor investering, og det er oppretta ein nettstad for å leige ut reiskapar og maskiner.
Landbruksmaskiner på deling
Landbruksselskapet Green House har etablert ein nettstad der bønder kan leggje ut reiskapar og maskiner til leige.
– Som klimabevisste odelsgutar ser vi på deling som avgjerande for effektiv ressursutnytting. Det er viktig for samfunnet generelt, og for landbruket spesielt, at vi deler på dei ressursane vi har, seier dagleg leiar i Landbruksformidling, Ole Erik Lunder til avisa.
Han meiner dette også vil gi positive ringverknader for bonden, enten ved å tene litt pengar på utstyret ein allereie har eller om ein slepp å kjøpe dyrt utstyr.
– Kor vellykka dette blir, er i stor grad avhengig av bøndene. Vi er ein tilretteleggjar for deling i landbruket, men vi er ikkje ein maskinforhandlar. Vi er avhengig av at bønder er villige til å dele på utstyret og leige. Vi skal leggje til rette for at det er trygt og sikkert å leige ut, seier Lunder.