Det er lite snø i løypa på Opheim.
Foto: Webkamera Friluftsrådet Vest
Lite snø på Olalia
Alle som har tenkt seg på skitur til Olalia i helga må rekna med å gå til fots eit godt stykkje før dei kan spenna skia på.
Snøen har så vidt lagt seg i fjellet, men skal ein inn til Olalia kan ein ikkje spenna skia på før ein når den gamle Røde Kors hytta ved Fjellstøl-bakken. Frå parkeringsplassen på Opheim og eit godt stykkje innover er det lite snø og skal ein unngå å øydeleggja skia er det best å gå til fots.
— Ein må ikkje bruka dei beste skia. Det et ikkje så mykje snø og det er ikkje køyrt opp løyper, seier leiar i Friluftsrådet Vest, Oddvin Øvernes.
Han rår likevel folk til å koma seg ut i finvêret.