Stifta av pensjonateigar for hundre år sidan
Hadde alt gått etter planen kunne æresmedlem og tidlegare leiar Elise Tokheim (88) i Sandeid Sanitetsforening og resten av sanitetskvinnene i bygda invitera til 100-års jubileum for sanitetslaget i fjor. Men slik blei det ikkje. Det sytte koronaen for.
Den 26. februar 1896 samla ei gruppe kvinner seg i Kristiania for å skaffa sanitetsmateriell i tilfelle krig ved unionsoppløysing mellom Noreg og Sverige. I spissen stod kvinnesaksforkjemparen Fredrikke Marie Qvam, og saman med ei handfull mektige kvinner danna ho foreininga som seinare har fått mykje å bety i arbeid for kvinner, barn og unge si helse og livsvilkår. Arbeidet til Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) breidde seg utover heile landet og opplevde ei ekstra oppblomstring i mellomkrigsåra.
Hundre og liv laga
På Hogganvik Gård budde det i byrjinga av 1900 ei kvinne som skulle få mykje å bety for sanitetsarbeidet i distriktet. Pensjonateigar Anna Hansen hadde i 1916 stifta foreining i Vikedal, og nå retta ho blikket mot Sandeid og Imsland. Ein dag i 1920 tok ho turen til ungdomslaget i Sandeid med håp om å starta eit lokallag i bygda, og same dag vart Sandeid Sanitetsforening etablert. Over 100 år seinare er det det framleis liv i laget, og i fjor var planen å slå på stortromma for å feira hundre år med samanhengande sanitetsarbeid i bygda. Men så kom koronapandemien.