Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Utbetalte 38,3 milliardar kroner i ytingar i samband med koronakrisa i fjor

NPK: Nav betalte i fjor ut 38,3 milliardar kroner i ytingar etter at koronakrisa slo inn i mars. Det er fire gonger meir enn utbetalte i dagpengar i heile 2019.

Frå koronakrisa starta og fram til nyttår betalte Nav i snitt ut 130 millionar kroner kvar dag til ledige og permitterte.

I ei pressemelding onsdag opplyser Nav at dei frå arbeidsløysa skaut i vêret i veike 11 i fjor og ut året, betalte ut til saman 38,3 milliardar kroner i ytingar til ledige og permitterte.

Det svarer til fire gonger meir enn det Nav betalte i dagpengar i heile 2019, opplyser Nav.

Av dei totale utbetalingane på 38,3 milliardar kroner til ledige og permitterte sidan starten av koronakrisa, utgjer 28,7 milliardar dagpengar og forskot på dagpengar. 8 milliardar kroner har vorte betalt ut i lønnskompensasjon til permitterte og 1,6 milliardar kroner er betalt ut i kompensasjon til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.

I pressemeldinga opplyser Nav at dei fekk 664.000 søknader om dagpengar i fjor

– Vi har lagt bak oss eit år på arbeidsmarknaden med tal av gigantiske proporsjonar. På seks veker i fjor fekk Nav 400.000 søknader om dagpengar, og i snitt fekk Nav éin dagpengesøknad per minutt i heile 2020. Det betyr at vi fekk fire gonger så mange søknader i fjor som i 2019, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS