Fjelleventyrar Monica Hundseid har fått tre permisjonar frå vervet i Vindafjord kommunestyre, og har ikkje deltatt på eit møte enno. Ho seier ho sa ja til å vere listefyll, men at det var heilt uaktuelt å bli politikar med den jobben og hobbyen ho har.
Foto: Jon Edvardsen
Føler seg lurt til å bli politikar
Eventyrar Monica Hundseid håpar ho slepp å møte i kommunestyret i Vindafjord. Ho føler seg lurt til å vere listefyll, men som viste seg å resultere i mange personstemmer og fast plass blant dei politiske representantane.
Moa har så langt fått tre permisjonar frå vervet som varer fram til hausten 2023. Den siste permisjonen går ut i mai, og Monica Hundseid har ingen planar om å møte i framtida heller.
— Eg har ingen interesse for politikk og det er betre at nokon som er engasjerte og har meir kunnskap om politikk, er med i staden for meg, seier ho.
I tillegg til kommunestyret er ho vald inn i utval for drift, utvikling og kultur.