Statnett føretrekk ei slik kryssing over Skjoldafjorden. ILLUSTRASJON: STATNETT
Statnett føretrekk ei slik kryssing over Skjoldafjorden. ILLUSTRASJON: STATNETT

Vil ikkje ha master i høgfjellet

Fylkesmennene i både Vestland og Rogaland ønskjer at Statnett skal byggje den nye store 420 kV-kraftlinja langs ein trasé som i minst mogeleg grad øydelegg urørt natur. I klartekst betyr det nedanfor tregrensa.

Publisert Sist oppdatert

Fristen for å gi høyringsuttale for Statnett sin konsesjonssøknad for den mykje omtala for ny 420 kV-kraftline frå Blåfalli i Kvinnherad til Gismarvik i Tysvær gjekk ut før jul. Dette gjeld den om lag 90 kilometer lange traseen, som vil gå gjennom både Etne og Vindafjord på sin veg utover mot Haugaland Næringspark. Planane har møtt sterk motstand, spesielt i Etne kor også kommunestyret uttalte seg negativ til planane, i motsetnad til Vindafjord kor kommunestyret gav tommelen opp. Det har kome mange titals merknader til NVE. Mellom dei som truleg vil ha størst betyding er innspela frå Fylkesmennene i Vestland og Rogaland. Dei to statlege instansane er samde om at NVE i si handsaming av konsesjonssøknaden bør legge størst vekt på å unngå negative konsekvensar for friluftsliv og negative verknadar for naturmangfald.

Fylkesmannen i Vestland kjem med innspela som gjeld for Kvinnherad og Etne. Dei rår til at trase-alternativa over tregrensa blir lagt vekk. Med andre ord går dei for alternativet lengre ned i åssidene frå Litledalen, gjennom Etne og vidare vestover mot Ølen. Fylkesmannen meiner det er større negativ konsekvens for fauna på alternativet over tregrensa enn nedafor. Det blir vidare vist til at traséen ovanfor tregrensa er registrert som område for friluftsliv med stor verdi.

— Etablering av nye linjer i dette området vil ha ein større negativ verknad for friluftsliv og landskap enn alternativa 1.2 og 1.3 skriv seniorrådgjevar Jostein Klette.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS