Vurderer å stenge Hardangervidda på grunn av skrantesjuke

NPK: Etter at det vart oppdaga skrantesjuke på Hardangervidda i september, blir det no vurdert fleire tiltak. Eitt av dei er å stenge delar av vidda for folk.

I september vart det oppdaga skrantesjuke på villrein på Hardangervidda. Tiltak som no blir vurdert, er å minimere bestanden, redusere menneskeleg ferdsel og å setje opp gjerde mellom Hardangervidda og omkringliggande område, skriv NRK.

— Det er ein klar konflikt mellom menneskeleg trafikk og villreinens arealbruk, seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør ved Miljødirektoratet, til kanalen.

I ein ny rapport frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM), heiter det at å stenge delar av vidda kan gi reinen større areal å boltre seg på. Det vil gjere at tettleiken blir lågare og sjansen for miljøsmitte blir redusert.

Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet, seier det ikkje er aktuelt å la smitten spreie seg.

— Alternativa er å utrydde smitten, eller redusere smittespreiinga. Begge delar vil ha store konsekvensar, seier ho til NRK.

Det er første gong at skrantesjuke er påvist på villrein utanfor Nordfjella. Av 25.000 villrein i Noreg, lever 10.000 av reinen på Hardangervidda.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS