Dagleg leiar Anne Lise Sjurseike t.v, Johanna Sjurseike og Siv Nesheim trivst godt i den nyoppussa butikken på Knapphus bensinstasjon.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dagleg leiar Anne Lise Sjurseike t.v, Johanna Sjurseike og Siv Nesheim trivst godt i den nyoppussa butikken på Knapphus bensinstasjon.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Medarbeidarane Kari Rødde (t.v.) og Siv Nesheim kosar seg i den nye kafékroken.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Jenny Rødde kan tilby kundane eit variert utval frå matavdelinga.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Barnebarnet til gründerane, Johanna Sjurseike ved den nye kaffistasjonen.

60-åring framstår i ny drakt

Etter ein omfattande oppussingsrunde kan dagleg leiar Anne Lise Sjurseike ønskja kundane velkomne til eit lyst og romsleg butikklokale med eigen kaffikrok og ferske godsaker frå bakardisken ved Knapphus bensinstasjon.

Publisert Sist oppdatert

Like over nyttår starta oppussingsarbeidet ved bensinstasjonen på Knapphus, og etter knappe to månader med ulike handverkarar i sving har det tidlegare butikklokalet fått ein skikkeleg ansiktsløft. All innreiing er byta ut, butikkdisken er forlenga, kaffistasjonen har fått ny plassering, kjøleanlegget er nytt, sanitetsanlegget er utvida og har gitt rom for fire toalett, dusj og stellerom. Ein ny og romsleg kaféavdeling har fått plass i enden av lokalet der vegfarande kan nyta ein kaffiskvett eller kosa seg med ein nysteikt bolle rett frå steikeomnen.

— Alt er nytt. Nå manglar berre litt bilde på veggene og så må me gjera noko med inngangspartiet, seier Anne Lise Sjurseike og ser enden på oppussings-prosjektet.

Arealet er det omlag like stort som det var før renoveringsarbeidet tok til, men ved første augekast verkar det romslegare og lysare.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS