Ikkje lett å kjenna igjen desse. Bak hjelm og briller skjuler Mari Vestbø og Mari Haslemo i 1 STA seg.
Foto: Privat
Lesaren melder
Bytta ut læremiddel med slalåmski
I nydeleg vêr var 1. klasse og 2. klasse Studie samt 2. idrettsfag på tur til Sauda skisenter førre veke. Elevane stråla i kapp med sola. Ein kjekk og annleis dag, seier Jakob R Lauritsen og Casper Clausen. Lærebøker og datamaskin vart bytta ut med slalåmski og solbriller. Den sosiale og inkluderande dagen var til stor glede for alle elevane og lærarane. Positive elevar som tek vare på kvarandre og skapar nye venskap.
— Det var òg tilbod om langrenn for dei som ville det. Det var heilt klart at alle var mest gira på å stå på slalåm, sidan me har vore på langrenn fleire gonger på Opheim tidlegare. Skulen har vore flink til å utnytte det fine vêret me har hatt. Det er kjekt å få eit lite avbrekk frå ein elles travel kvardag, seier elevane i 1. STA
— Allereie på bussen var stemninga høg, seier Oline Hjelvik og Marie Martinsen.