Ein dag i januar kom det to brev til meg i posten. Det var melding om eigedomskatt på bustader. Eg er pensjonist (85) og for seks år sidan bygde me nytt bustadhus. Dette p.g.a. diverse trapper i gamlahuset» og tungvint på mange måtar. Etter åtte år i eldrerådet var eg svært merksam på problema som aukande alder medfører. For meg, og dei fleste andre, er ynskjet at ein kan bu heime så lenge som mulig.
Med hjelp av sparepengane, litt lån og stor eigeninnsats frå oss begge, fekk me oss eit lite nytt hus på eitt plan. Spesielt tilrettelagt for rullestol, med tanke på soverom, bad og andre ting. Huset har elles ein del sikkerheitssystem med tanke på brann, bli liggjande hjelpelaus i senga, m.m.
Når ein tenkjer samfunnsøkonomisk på det heile, og kva ein plass på omsorgssenter kostar, vil eg tru at nybygget vårt vil gi ein stor gevinst.
Det gamle huset leiger me ut og har her ei skattbar inntekt. Dette brevet opnar eg først, og ser at kravet frå Etne kommune på eigedomsskatt er på kr. 6.038,-. Dette reduserer jo inntekta, men er likevel noko ein må leva med».
Då eg opna det andre brevet, vedr. det nye huset der me nå bur, gjekk både sinne og blodtrykk til vêrs. Her skulle Etne kommune ha kr 7.855,-. Ja, dette følest som ei straff» for å ha laga seg tak over hovudet».
Mine tankar i denne samanheng går òg til åleinemødre med eige hus og som kanskje har
60-70 prosent stilling, og barn i tenåra. Dei har ingen muligheit til å betala eigedomsskatten, og må få hjelp av familie eller å ta opp lån.
Same problemet har òg enker som set einsame igjen i eit stort familiehus, og som kanskje er minstepensjonistar.
Ein annan ting som òg er heilt utruleg, er at om ein har lån på huset, kanskje 70-80 prosent av verdien, må ein likevel betala full eigedomsskatt.
For å illustrera kor skeivt det heile er, kan me samanlikna det med at ein person som eig ein Tesla bil til kr. 900.000,- og ein bubil til 1,1 million, ikkje får 5 øre» i eigedomsskatt.
Me veit alle at kommunen må ha inntekter, men at det blir gjort på ein så lite gjennomtenkt» måte er vanskeleg å akseptera.
Etter det eg forstår er dette bestemt av våre lokale folkevalte, og kvar og ein av oss kan stilla seg dette spørsmålet: KVA KAN EIN GJERA?
Det nærmar seg val, både nasjonalt og lokalt, så følg med i programmet til det enkelte parti!
Trygve Birkenes
Etne