Starta opp for 35 år sidan: Eit tospann i jobb og fritid
Jans Hydraulikk AS starta opp for over 35 år sidan og er blitt ei solid bedrift med stabile og gode resultat å vise til. Og nesten like lenge har Grete og Jan Hegerland vore eit tospann i selskapet, men med ulike roller.
— Klart at ein må ha god kjemi og trivest i lag for at det skal fungere. Slik er det for oss, og vi likar å vere mykje i lag, seier Grete Grønhaug Hegerland.
Ho er opphavleg frå Frekhaug vest for Bergen og skulegang på Lundeneset førte ho til Ølensvåg. Og der vart ho verande med unntak av to år med merkantil utdanning i Bergen.