Kritisk til storutbygging
Innbyggjarane i det vesle lokalsamfunnet er ikkje utelukkande positiv til den planlagde utvidinga av Mowi sitt settefiskanlegg i Fjæra. Dei meiner oppdrettsgiganten bør ta meir omsyn til bygda når dei gjer seg i kast med byggetrinn nummer to.
— Me er i mot at dei skal utvida så raskt før ein får sjå konsekvensane, seier grunneigar Kristian Fjæra og kikkar bort på området på andre sida av elva frå eigedomen sin i Fjæra der Mowi etablerte settefiskanlegg for fem år sidan.
Han er ein av fleire naboar til anlegget som stiller seg skeptisk til utbygginga som vil ruva godt igjen i landskapet dersom den får tommelen opp i sjømatgiganten sitt styre.
Dei planlagde bygningane dekkjer eit areal på storleik med dagens bygg og vil auka årsproduksjonen frå 1.325 tonn til 4.600 tonn. Anlegget vil bestå av to smoltproduserande modular, teknisk bygg og servicebygg. I tillegg skal større røyr for transport av smolt til kai gravast ned og sjøvassinntaket forlengjast ut i fjorden.