Cathrine Hamre Tindeland (t.v.) og Elisabeth Nesheim tilbyr heimelaga og tradisjonsrik mat ved bakeriet i Ølen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Cathrine Hamre Tindeland (t.v.) og Elisabeth Nesheim tilbyr heimelaga og tradisjonsrik mat ved bakeriet i Ølen.
Foto: Irene Mæland HaraldsenEigar Magne Christiansen har fått med seg Cathrine Hamre Tindeland (t.v.) og Elisabeth Nesheim til å driva Christiansen bakeri og konditori vidare.
Styreleiar Magne Christiansen med Cathrine Hamre Tindeland (t.v.) og Elisabeth Nesheim frå Nesheimtunet utanfor Christiansen bakeri og konditori i 2021. Nå flyttar bakeriet inn på Ølen Senter. Nesheimtunet er ikkje lenger involvert med bakeriet. Arkivfoto

Nå blir det heimelaga godbitar på menyen

Når Nesheimstunet tek over drifta av det tradisjonsrike bakeriet i Ølen vil det bli rikeleg med heimelaga og tradisjonsrike godbitar å finna i disken. Og kanskje kan det bli mogeleg å få seg ein komlemiddag med heim etter arbeidstid.

Publisert Sist oppdatert

— Nå blir det meir heimelaga varer. Å bruka tradisjon og lokale varer er noko me er opptatt av på Nesheimstunet, seier Elisabeth Nesheim og held fram eit brett med heimelaga makronar.

Dei fargerike småkakene er eitt av fleire nye produkt som vil få plass i disken på Christiansen bakeri og konditori når den driftige vatsbuen måndag tek over drifta av det tradisjonsrike bakeriet. Med seg på laget har ho Cathrine Hamre Tindeland frå Vikebygd, og saman skal dei syta for framleis drift ved bakeriet midt i Ølen sentrum.

— Cathrine jobbar i dag på Nesheimstunet og ho skal ta seg av den daglege drifta ved bakeriet. Eg har sagt opp stillinga ved helsestasjonen i Haugesund og vil satsa for fullt på Nesheimstunet, fortel Nesheim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS