Trafikkulykke på isen
Det har skjedd eit trafikkuhell under køyring på is i Osvågen i Etne.
Naudetatane rykte like etter klokka 15 ut til det som skal vere ei trafikkulykke under køyring på sjøisen i Osvågen.
— Eg har ikkje heilt oversikt enno, men det skal etter det eg veit så langt ikkje vere snakk om alvorleg personskade, opplyser operasjonsleiar Nicolai Austrheim ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar like før klokka 15.30.
Motorsykkel og bil
Det skal vere ein personbil og ein motorsykkel involvert.
— Førar av motorsykkelen framstår som lettare skadd og blir tilsett av lege på staden, melder Sør-Vest politidistrikt i ei oppdatering på Twitter.
Ikkje gyldig førarkort
Klokka 17.45 melder politiet at dei er ferdig på staden.
— Førar av personbil blir anmeldt og førarkortet er beslaglagt. Førar av motorsykkel er køyrd til legevakt i Ølen for undersøking. Han blir anmeldt for køyring utan gyldig førarkort for motorsykkel, heiter det i ei Twitter-melding frå Sør-Vest politidistrikt.