I går ettermiddag var det fire bilar på isen ved Osvåg i Etne. Politiet har gått ut med ei generell fråråding om å køyre på islagd fjord og vatn.
Foto: Arne Frøkedal
Tar risikoen med bil på isen
— Sjølv om vi rådar folk frå å køyre med bil på fjorden, så er det ikkje ulovleg. I utgangspunktet kan vi ikkje nekte dei å køyre på isen, og vi ser difor ingen grunn til å gripe inn, seier konstituert lensmann Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.
Gjeld ikkje sjø
Han forklarer at vegtrafikklova også gjeld på fjord og sjø.