Unge og ivrige arbeidskarar, Torstein Espevoll (t.v.), Knut Ole Eikeland og Anders Klæboe Moland har klargjort mange sekker med ved for sal.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Unge skogskarar med stor arbeidslyst
For 10 år gamle Torstein Espevoll og bestekompisane er vedarbeid noko av det kjekkaste dei veit, og så snart dei har tid finn dei fram øks og sag for å fylla sekker med ved som dei seinare sel til vener og kjente.
I skråningen ned mot bekken på garden Espedal i Vikedal står ei rekkje med halvstore bjørketre og speglar seg i vintersola. Dei har akkurat passe storleik til at dei tre kameratane Torstein Espevoll (10), Knut Ole Eikeland (12) og Anders Klæboe Moland (12) kan klara jobben med å fella trea på eiga hand.
Med saga i nevane set dei unge skogskarane kursen ned mot treklynga for å finna eit passande tre. Eit kjapt overblikk og treet er peika ut. Nå gjeld det å planleggja nøye før jobben kan ta til.
— Skal me la treet detta den vegen, føreslår Torstein Espevoll og sjekkar terrenget.