Hyttefolket blir bedne om å halda seg unna fleire kommunar i Hardanger.Foto: Berit Keilen / NTB / NPK
Hyttefolket blir bedne om å halda seg unna fleire kommunar i Hardanger.

Vil ikkje ha besøk på hyttene

NPK: Ulvik kommune er råka av eit stort koronautbrot. Nabokommunane går no ut og ber folk halde seg vekke frå hyttene sine i området.

– No skal folk vere forsiktige med å blande seg for mykje med kvarandre. Det er kanskje ikkje rette tida å reise til Hardanger no, seier Eidfjord-ordførar Anders Vatle (Sp) til Bergens Tidende (BT).

Også i Ullensvang er ordføraren tydeleg. Hyttefolket bør halde seg heime.

– Vi rår mot å reise inn og ut av Ullensvang no. Vi veit at Voss, Ulvik og Kvam har opplevd smitte. Frå andre stader har vi sett at utviklinga kan gå fort. No gjeld det å ta det med ro og halde seg heime med sine kjende og kjære, seier ordførar Roald Aga Haug (Ap) til BT.

Mutantutbrot veks i omfang

Til saman fire kommunar rundt Hardangerfjorden har no fått påvist tilfelle av mutert koronavirus. Kvam har innført streng nedstenging.

Fem skular og barnehagar blir stengde, resten blir sette på raudt nivå, skriv Kvam herad.

I tillegg blir det pålagt svært strenge restriksjonar på sosiale samankomstar, og alle kultur- og idrettstilbod blir stengde. Tiltaka varer til 8. februar i første omgang. I Kvam er det registrert éin smitta med det muterte koronaviruset.

I Samnanger kommune er det registrert eitt tilfelle av det muterte koronaviruset, som skal ha samanheng med tilfellet i Kvam kommune.

Ulvik herad, som var der utbrotet først vart oppdaga måndag, innførte allereie då strenge lokale tiltak. Her er det til saman 28 koronasmitta innbyggjarar, og fem har fått stadfesta at dei er smitta av den muterte britiske varianten. Karantenetida i Ulvik kommune er utvida til 14 dagar.

Også i Voss herad vart det tysdag oppdaga tilfelle av den muterte varianten. Desse skal vere knytte til utbrotet i Ulvik.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS