Terje Halleland (Frp) ved E134 i Ølen sentrum.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Frp har bestemt seg for E134
Ifølgje Halleland har Framstegspartiet avklara kvar dei vil leggje inn hovudsatsingane i veg-Noreg, og der har ny veg på E134 over Haukeli og strekninga Bakka-Solheim i Etne og Vindafjord prioritet i det som er meisla ut som partiet sin versjon av ny NTP for perioden 2022-2033.
Stortingsrepresentanten frå Vindafjord opplyser at partiet satsar på hovudferdselsårer mellom regionar, og der er E134 over Haukeli sentral mellom aust og vest. Der det også skal vere ein arm til Bergen.
Sterkt håp for E134