ILLUSTRASJONSFOTO
ILLUSTRASJONSFOTO

Miljødirektoratet strammar inn laksefisket

Sårbare bestandar av villaks skal vernast mot overfiske, og derfor reduserer no Miljødirektoratet laksefisket både til sjøs og i elvar.

Publisert Sist oppdatert
— For å verne sårbare bestandar av den viktige villaksen vår mot overfiske, og for å sikre grunnlaget for eit haustbart overskot i framtida, er vi dessverre nøydde til å avgrense laksefisket både i elv og i sjø, seier direktør Ellen Hambro for Miljødirektoratet.

Dei har fått grønt lys frå Klima- og miljødepartementet til å vedta ei rekkje nye reglar for fisket etter både laks, sjøaure og sjørøye.

Sjøfisket for laks er delt inn i ti kystregionar. Frå no blir det forbode å fiske laks med fastståande reiskap i dei ni regionane sør for Finnmark.

Fisking med krokgarn vart forbode i heile landet unnateke Finnmark i 2002, men no blir dette òg forbode i Finnmark.

Det blir dessutan stramma kraftig inn òg for elvefisket. Frå før var det ope for fiske i 1.030 av dei 1.284 vassdraga. Men no blir dette stramma kraftig inn til å berre gjelde 440 av vassdraga.

— Hensikta er jo å sikre at det framleis er laks i alle laksevassdraga på lang sikt, seier Hambro.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS