Her er ni tips frå Bente Lier og Norsk Friluftsråd om aktivitetar i påska:
1: Besøk ein gapahuk : Finn ut kvar den nærmaste gapahuken er, og legg turen dit. Gapahukar er ofte plasserte på stader som er enkle å finne, og ofte er det også bålplass der.
2: Tenn bål og lag appelsin-brownie : Eit bål gir god stemning, men det er også mogleg å lage mat. Med brownierøre på termos, som igjen blir fylt ned i uthola appelsinar , er det kjapt å lage ein god påskedessert på bål.
3: Ligg i hengjekøya og les påskekrim : Heng opp hengekøye i nærnaturen, ta med ein spennande påskekrim og lat roa senke seg. Hugs varme klede og noko godt å bite i.
4: Spel påskekubb: Kubb er like moro i påska som elles i året. Kva med å utfordre nærkontaktane til ei påsketurnering?
5: Lag eggerettar ute: For mange høyrer egg med til frukost eller lunsj i påska. Kva med å flytte matlaginga ut? Eggerøre, omelett eller tur-Quiche er enkelt å lage på primus eller bål.
6: Påskeleikar: Påskeskirenn er moro både for born og vaksne. Om snøen er borte, så kan ein heller arrangere eggeløp, sekkeløp eller ei artig hinderløype ute.
7: Ta ei natt ute: Det er noko spesielt med å sove ute i naturen. Visste du at i påska i fjor overnatta nesten 400.000 nordmenn ute?
8: Finn påskepynt i naturen: Gåsungar, kongler og anna frå naturen kan bli fin bordpynt. Kva med å lage påskepynt med element frå naturen saman med borna?
9: Tid for årets første bad: Isbading har vore i vinden som aldri før denne vinteren. Isen har smelta mange stader i landet, men det er framleis kaldt nok til at du kan skryte til vener og kjende om du hoppar i sjøen i påska. (NPK)<