Vindafjord kommune har i løpet av helga fått svar på omtrent alle testar frå sist veke. Det er ingen smitta blant desse, opplyser kommunen i ei melding på si heimeside måndag føremiddag.
Det pågår testing av ulike nærkontaktar, samt re-testing ved Skjold skule og Skjold barnehage. I løpet a måndagen skal det gjennomførast fleire testar. Dette inkluderer ein del nærkontaktar som er meldt inn frå smitteutbrotet i haugesundsområdet.
I tillegg er det ein del nærkontaktar til registrerte smitta i Vindafjord som må testast på nytt på grunn av utvikling av symptom.