Slik vil hurtigladarane sjå ut når dei er installert. Illustrasjon: BKK
Slik vil hurtigladarane sjå ut når dei er installert. Illustrasjon: BKK

BKK byggjer ladenett for elbåtar

BKK byggjer det første nettverket av hurtigladarar til elbåtar i Nord-Europa. Dei første ladarane står klare om få veker, og BKK ser etter fleire stadar å byggje.

Publisert Sist oppdatert
– Noreg har stått i spissen for elbilrevolusjonen. No vil vi gjere det lettare å byta til elbåt, seier konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland i ei pressemelding.

Dei første elbåtladarane kjem i Bergen, Florø og Oslo. BKK har jobba med planane over tid. Særleg dei siste månadene har elbåtinteressa vorte merkbart større.

— Det vil ta tid før elbåtmarknaden blir stor, men skal det bli ein marknad, må lading vera trygt og tilgjengeleg. Både båteigarar, marinaer, båtforhandlarar og politikarar har stilt spørsmål om korleis lading skal skje. Denne uvissa reduserer vi no, seier Hilland.

Elbåtladarane blir ein del av BKK-selskapet Plug som frå før byggjer og driftar landstraumanlegg til skip. Saman med Bergen Havn har selskapet bygd det største landstraumanlegget for cruiseskip i Europa.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS